Litt fakta rundt kartet til NM Ultra 2014

Typisk vegetasjon

Typisk vegetasjon

NM Ultra i 2014 vert arrangert i Førde. Då er det åtte år sidan tilsvarande arrangement vart arrangert i Sogn og Fjordane. Også denne gongen er det Langeland skistadion som er samlingsplass for arrangementet.

Kartområdet ligg i Gaular og Førde kommune. Førde IL har tidlegare gitt ut kart i området i 1976 og i 1989, og terrenget er tidlegare også brukt til junior-landskamp i orientering. Til NM er kartet utvida, slik at det også omfattar områder der det ikkje har vore arrangert orienteringsløp tidlegare.

Løpsområdet er eit skog- og myrområde med vekslande kupering, frå middels kupert til «flate», kuperte områder. Runde former som ligg mellom 350 og 550 meter over havet. Terrenget er dominert av myr og skogbotnen er mjuk. Lite eller nesten ingen undervegetasjon. Det er mange frittliggande steinar som til dels er overgrodd av vegetasjon.  Terrenget er svært godt løpbart. Den naturlege vegetasjonen er furu, med innslag av bjørk og or, få område med planta gran.

Kartet er synfart og teikna etter IOFs norm aaav Egil Nestande og Gunnar Gytri. Målestokk: NM Ultra 1:15000.

Yngve Årdal, løypeleggar

Stengt for kommentarer.