Løyper og kart klare

Det nærmar seg NM Ultralang i Førde. Det har vore ein flott vår og forsommar i Sunnfjord, og det har vore mange fine turar i terrenget under den siste planlegginga. Kart er blitt justert, og postdetaljar endra heilt fram til det siste for at løparane skal få ei best mogeleg oppleving i Førde.

Etter dei siste justeringane vert løypelengdene slik:

D 17-18:    9,9 km                                 H17-18:     14,0 km

D19-20:    11,9 km                                 H19-20:     17,0 km

D21:       15,8 km                                 H21:        23,6 km

Det har vore veldig lite nedbør i Sunnfjord så langt i 2014. Terrenget er for øyeblikket veldig tørt, og innbyr no til høg fart. Så står det att å sjå om det  også vil vere tilfelle på løpsdagen.

Løpet vert arrangert samtidig og med same start og arena som 3. løp i Fjord-O Vest 2014.  Alt ligg såleis til rette for ein fin o-fest i Førde med mange løparar i terrenget. For dei som ikkje har meldt seg på , er det framleis mogeleg å bli med. Påmeldingsfrist er 21. juli !

bilde

Stengt for kommentarer.