Lundanesbrørne til NM og Fjord-O Vest !

Olav (26) kjem rett frå VM og verdscup på O-Ringen og planlegg å springe dei to første løpa på Fjord-O, for så å lade opp til NM Ultralangdistanse. Han melder at den yngste broren, Bjørn (21) er i hardtrening akkurat for denne konkurransen, og at Ivar (23) nok og har lyst å hevde seg. Men Olav sjølv trur resultatet blir i aldersrekkefølga.

Fjord-O er samlande for familien Lundanes frå Emblem. Til vanleg er brørne spreidd med bustad i Halden, Stockholm og Trondheim, men det er vanleg at heile familien reiser på Fjord-O. Olav var sist med då den vart arrangert i Sogndal i 2010. Rett etterpå vann han langdistansen på VM i Trondheim. Han deltok også  forrige gang det var i Askvoll og Førde i 2002, og han vann samanlagt i Stryn i 2006.   No kjem heile familien til Fjord-O Olav Lundanes klar for Fjord-Oog NM Ultralangdistanse. I tillegg til far og mor, er dei to søstre; Ingrid (17) og Kristin (12). Kanskje kjem kjærasten, Ida Marie Ness Bjørgul, frå Halden og.

Stengt for kommentarer.